Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Innbyding til Fjordkonferansen 20. og 21. juni 2013

Innbyding til Fjordkonferansen 20. og 21. juni 2013

Høgskulane og andre forskingsmiljø i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går saman om Fjordkonferansen 20. og 21. juni 2013.

I første omgang vert konferansen planlagd som eit prøveprosjekt over to år (2013 og 2014). Tiltaket skal vere eit lågterskeltilbod for dei som enno ikkje er publiseringsaktive, men det er også viktig at meir erfarne melder seg på. På denne måten vil vi skape eit støttande, rettleiande og stimulerande forum. Fjordkonferansen skal hjelpe til med «knekking av publiseringskoden» og vere ein møtestad for læring og utvikling av samarbeid.
 
Konferansen vert halden i Loen den 20. og 21. juni 2013. Eit overordna tema skal vere «kvalitet», men det vert tolka vidt og vil få ulike utdjupingar i form av deltema for parallelle sesjonar i konferansen. Her vil ein få presentere meir eller mindre klare FoU-prosjekt i ei trygg ramme med venleg atmosfære, og ein vil kunne få hjelp av røynde fagfolk til å arbeide vidare med manus fram mot publisering i ein eigen antologi etter konferansen.
 
Meld deg på http://fjordkonferansen.no/ med eit førsteutkast i form av eit samandrag eller ein idé innan 1. februar 2013.