Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Interkommunal el-bilsatsing på Søre Sunnmøre

Interkommunal el-bilsatsing på Søre Sunnmøre

Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda vil gå saman for å bytte ut fossilt med fornybart brensel.

 
Kommunane har arbeidd i fleire år med iverksetjing av klimatiltak, spesielt med fokus på enøk. No har også transport kome i søkelyset, og dei fire kommunane vil bytte ut fossilt brensel med elektrisitet i kommunale bilar.
 
Dei siste fem åra  har Møreforsking vore tilknytt klimanettverket. Det er eit samarbeid mellom 7 kommunar i Møre og Romsdal med fokus på klimaspørsmål. Som følgje av dette har Møreforsking bidrege i arbeidet med ein søknad til Transnova.
 
I denne ber kommunane om støtte til å kjøpe inn el-bilar og til å opprette ladestasjonar. På noverande tidspunkt har ingen av dei fire kommunane bak søknaden kommunale el-bilar, og det er få ladestasjonar.
 
Kommunane skriv i søknaden at eit slikt offentlig initiativ kan ha positive ringverknadar for lokalmiljøet. Dette er forskar Susanne Moen Ouff einig i:
 
- Det er ein siger at kommunane på Søre Sunnmøre arbeidar godt med klimaplanar. Dette viser at dei ikkje er klimasinker, snarare tvert imot, seier Moen Ouff.