Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Jobb og hjarte styrer

TurdaGorges_CC_ChristianBortes.jpg

Jobb og hjarte styrer

Møreforskar Gro Marit Grimsrud har forska på flyttemønster i Nord-Gudbrandsdal, og slår fast at ungdom flyttar ut for å ta utdanning. Etterpå er det tilfeldig kvar dei hamnar.


Avisa Gudbrandsdølen Dagningen har samla 5 av dei som gjekk ut av 9.klasse i 1989 og som busette seg i heimkommunen, for å illustrere forskinga Grimsrud gjorde på dette kullet. 3 av 5 har overteke familiegarden.
 
Grimsrud peikar på at det er berre 1 av 5 som ser ut til å ha eit bevisst forhold til kvar dei vel å busette seg. Dette gjeld om vi ser bort frå dei som tek over ein gard.
 
Dei viktigaste faktorane for å gjere eit bevisst val er  
  • nærheit til familie
  • mulegheiter til jobb
  • bustad
 
For dei aller fleste er det tilfeldigheitene som rår når dei vel ein stad å slå seg ned etter studiane. Og ofte er det hjartet som styrer.
 
Les meir om Grimsrud si forsking på flytting mellom by og land.