Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

JordmoraHeim - mødrene sine erfaringar

Baby Leo by Bdriget Coila

JordmoraHeim - mødrene sine erfaringar

Liggetida på sjukehuset for dei fødande skal reduserast. I omlag eit år har alle fødekvinner i Volda og Ørsta fått heimebesøk av jordmor rett etter dei har kome heim frå sjukehuset. Prøveordninga er følgd av Møreforsking.


Vel 8 av 10 fødekvinner i Ørsta og Volda har motteke heimebesøk av jordmor mellom 1 og 4 dagar etter heimkomst frå fødeavdelinga. Nokre få har takka nei til tilbodet, og for nokre få har det gått litt fleire dagar før besøket har funne stad. Tilbodet har vore det same både til fyrstegongsfødande og fleirgongsfødande.
 
For å kartlegge erfaringane med ordninga, har Møreforsking bede om evaluering frå alle fødekvinnene ved 3-månaders kontroll etter fødselen.
 
Dei innsamla data syner at kvinnene synes heimebesøket var viktig for seg og barnet. Det er tryggleik og konkrete råd, til dømes omkring amming og veging av barnet, kvinnene oppgjev som viktigaste grunnar til at besøket var viktig. Kvinnene er også svært nøgde med ordninga.
 
Barnet si helse og amming blir trekt fram som dei klart viktigaste temaene for heimebesøket av dei fyrstegongsfødande. Dei fleirgongsfødande har også fokus på desse to tema som viktigast, men er også i større grad  opptekne av andre tema. 
 
Det er ei overvekt av fødekvinnene som meiner det bør vere jordmor heller enn helsesøster som kjem på dette tidlege heimebesøket.
 
Det tidlege heimebesøket gjev tryggleik for mor og barn, og sikrar ein god start for barnet. JordmoraHeim er eit viktig bidrag for betre folkehelse! 
 
Prosjektet har vore finansiert med VRI-midlar (Verkemiddel for Regional Innovasjon) og har vore eit nært samarbeid mellom helsestasjonane i Ørsta og Volda, og JordmoraHeim.
 
15.06.12  Sunnmørsposten: Forsker frem bedre tjenester 
 
Kontakt forskar Randi Bergem for meir opplysingar om prosjektet.