Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Klimakutt Møre: iverksetting av lokale klimaplanar på Søre Sunnmøre

Klimakutt Møre: iverksetting av lokale klimaplanar på Søre Sunnmøre

Det interkommunale samarbeidet omkring klimaarbeid i kommunane held fram med oppstartssamling 26. januar.

 
Våren 2009 avslutta ni kommunar på Sunnmøre eit større samarbeid om utforming av klimaplanar. Hausten 2010 har åtte av dei ni kommunane gått saman om å sette i verk tiltak frå planane, og held fram med sams erfaringsutveksling og kompetanseheving innafor områda i planane.
 
Først ut er arbeid med energieffektivisering, og første samling går av stabelen i januar . Møreforsking har hand om prosessen, medan Energiråd as og Enøk-senteret as er fagleg ansvarleg for enøk-arbeidet. Denne første delen av arbeidet er støtta av Enova, og vil gå over tre år. Samarbeid på andre tema som avfall og forbruk, og transport, vil kome i gang så snart ein finn finansiering for eit slikt arbeid.
 
Prosjektet har eiga nettside, der ein kan laste ned presentasjonar, forskingrapportar og anna.
 
Kontaktperson: Susanne Moen Ouff