Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Klimaopptatte sunnmøringar

Klimaopptatte sunnmøringar

Kommunane på Søre Sunnmøre er på god veg til å kutte 15 % av energiforbruket sitt. På den regionale klimaplankonferansen i Molde presenterte Møreforsking og Ørsta kommune oppløftande tendensar.


Møreforsking Volda og Ørsta kommune presenterte den 14.11.2012 innlegg om kommunale energi- og klimaplanar på Søre Sunnmøre. Innlegga vart haldne på den regionale klimaplankonferansen i Molde.
 
Forskar Geirmund Dvergsdal meiner kommunane på Søre Sunnmøre har vore flinke.
- Kommunane er på god veg til å nå måla om kutt på 15 %, seier han.
 
Konferansen vart arrangert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Miljøverndepartementet og KS. Konferansen hadde deltakarar frå mange av kommunane i Møre og Romsdal, fylkeskommunar og fylkesmenn.