Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kommunesamanslåing Volda - Ørsta

Kommunesamanslåing Volda - Ørsta

På oppdrag frå Volda og Ørsta kommunar skal Møreforsking i samarbeid med Telemarksforsking gjennomføre ei utgreiing av ei eventuell kommunesamanslåing av dei to kommunane.

 
Kommuneorganisasjonane er i kontinuerleg endring, og behovet for ei konsekvensutgreiing av eit mogleg ”kommune-ekteskap” mellom Volda og Ørsta er basert på fleire ulike forhold:
 
- Stram kommuneøkonomi
- Høgare krav til kommunal forvaltning
- Høgare krav til velferds-/tenesteproduksjon – både kvalitativt og kvantitativt
- Høgare krav til fagkompetanse i kommuneorganisasjonen, samtidig som ein har auka konkurranse om arbeidskraft innanfor fleire fag-/yrkesfelt
 -Større og fleire oppgåver til kommunane, og behov for meir samhandling (jf samhandlingsreforma)
- Samfunnsendringar, spesielt med fokus på auka mobilitet og områdeutviding gjennom Eiksundsambandet og Kvivsvegen.
- Kort distanse mellom kommunesentra (10 km)
 
Volda og Ørsta blir samla sett på som ein felles bustads- og arbeidsregion, og dermed aukar også presset på å vurdere og utgreie samanslåing av kommunane. Med utgangspunkt i Eiksundsambandet og Kvivsvegen vil Volda og Ørsta i løpet av 2012 bli eit naturleg sentrum i ein region med 60.000 innbyggjarar, med under ein time reisetid til dei to sentra. I tillegg er det intensjon om tunnel mellom Volda sentrum og Furene, noko som vil knytte Volda og Ørsta sentrum enda tettare saman.
 
Prosjektet vil utgreie fordelar og ulemper ved ei eventuell samanslåing av Volda og Ørsta kommunar.
 
Kontaktperson/ansvarleg forskar ved Møreforsking Volda: Erlend Krumsvik.