Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kompetanseutvikling i Boligsosialt arbeid og planlegging

Kompetanseutvikling i Boligsosialt arbeid og planlegging

17. og 18. november gjennomførte Møreforsking den første av i alt fem samlingar i programmet Boligsosialt arbeid og planlegging i Stjørdal. Programmet er utvikla for Husbanken region Midt, og vert gjennomført i samarbeid med fem kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag, i tillegg til Husbanken sjølv.

 
Husbanken har invitert fem kommunar fra dei to Trøndelagsfylka, samt Møre og Romsdal, til å delta i programmet. Programmet går over eitt år, og skal i tillegg til høgare kompetanse på plan- og prosessarbeid generelt, og auka fokus på det boligsosiale arbeidet spesielt, resultere i Boligsosiale handlingsplanar for alle kommunane. Arbeidsmetoden er ei vidareføring av Klimaplanprosjektet som Møreforsking deltok i for eitt år sidan. Dette prosjektet er presentert på Høgskulen i Volda sine nettsider.

  
Meir om Husbanken si satsing, deltakarane og innretninga i programmet finner du på Husbanken sine nettsider.