Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kongens fortenestemedalje til Bjørn Stave

Kongens fortenestemedalje til Bjørn Stave

Bjørn Stave, som var direktør i Møreforsking i frå 1981 til 2008, er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for si innsats i Møreforsking. Medalja vart overrekt under ein seremoni på Høgskulen i Volda torsdag 16. desember av Ragnhild Aarflot Kalland, som er ordførar i Volda.

 
 
Bjørn tok si utdanning ved Universitet i Bergen, med hovudfag i partikkelfysikk i 1969. Sjølve forskarkarrieren starta i 1972 da Bjørn vart tilsett som forskar  på Televerkets forskingsinstitutt på Kjeller, der han frå 1976 også var forskingsleiar.  Bjørn begynte som første direktøren i Møreforsking 15. april 1981 og hadde denne stillinga fram til han gjekk av med pensjon i 2009. Bjørn har ei karriere på 32 år som forskingsleiar.
 
I nær 30 år var Bjørn ein sentral deltakar i utviklinga av Møreforsking, og i høve til å utvikle dei tre høgskulane i Møre og Romsdal som sterkare fagmiljø og institusjonar for høgare utdaning. Møreforsking spela her ei viktig rolle gjennom å gje moglegheiter til å drive eigen forsking for mange tilsette ved høgskulane.  Både lengda på karrieren og bidraga til utviklinga av forsking og høgare undervising i Møre og Romsdal gjer Bjørn sin innsats unik i heile Forskings-Noreg.  
 
Bjørn var med å ta initiativet til etableringa av  Fokus, som fellesorganisasjonen for de regionale institutta i 1984. Han var styreleiar i Fokus to periodar frå 1986-88 og 2003-2006.