Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Konjunkturbarometer for Eiksund-regionen

Konjunkturbarometer for Eiksund-regionen

 
Eit nytt vegsamband kan skape mange verknader når det bind fleire livskraftige samfunn saman. Eiksund-sambandet har lagt grunnlaget for auka samhandling mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Møreforsking har på oppdrag frå Sparebank1 Søre Sunnmøre utarbeidd ein powerpoint-presentasjon som viser slike endringar. 
 
Presentasjonen viser mellom anna dei store trafikkendringane sambandet har ført til, ikkje berre i vegtrafikken, men også i bruken av Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.  Den ser også på endringar i pendlemønster, erfaringar som offentlege og private bedrifter har med sambandet, endringar knytt opp til fritid og bruk av kulturtilbod og kva strategiar ulike bedrifter og institusjonar legg til grunn for å utvikle det potensiale som ligg i det nye sambandet.
 
Resultata frå undersøkinga blei presentert adm. Banksjef John Arne Winsnes, Sparebank1 Søre Sunnmøre, på konferansen ”Treffpunkt Kviven”, 15. april 2010. Presentasjonen er utarbeidd Finn Ove Båtevik i samarbeid med Randi Bergem. Forskingsassistent Cecilie Rørstad har medverka til innsamlinga av grunnlagsmaterialet.
 
Presentasjonen er tilgjengeleg her.