Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kortreist mat på fleire fat

Kortreist mat på fleire fat

På kva måte går reiselivsnæringa fram for å kunne tilby kortreist og lokal mat til sine gjester.

 
Målet med prosjektet er å skaffe relevant og ny kunnskap om suksesskriteria for bruk av kortreist og lokal mat. Møreforsking Volda og Møreforsking Marin ønskjer i første omgang å kartlegge utvalde aktørar innan reiselivsnæringa sine erfaringar med å innføre kortreist mat. I prosjektet vil det bli lagt vekt på både sjølve prosessen med å innføre denne typen produkt og kva konkurransefortrinn aktørar i reiselivsnæringa har oppnådd i denne satsinga.
 
Med lokal mat meiner ein her råvarer frå både grøn og blå sektor, samt lokalt ferdigproduserte produkt basert på lokale bearbeida råvarer.
 
Prosjektet vil arbeide med følgjande spørsmål:
 
- Kva motivasjon har reiselivsverksemdene for å bruke lokal mat?
 
- På kva måte arbeider reiselivsverksemdene for å sikre seg at lokal mat har den kvaliteten dei ønskjer, og at dei får dei leveransane dei treng?
 
- Kva kvalitetskriterium nyttar reiselivsverksemdene når dei skal velje lokal mat framfor industrielt produserte produkt?
 
- Kva reknar reiselivsverksemdene som kritiske suksessfaktorar for at dei skal lukkast med å nytte lokal mat i si verksemd?
 
- Korleis jobbar reiselivsbedriftene med å forankre slike satsingar i eigen organisasjon?
 
Oppdragsgjevarar for prosjektet er Regionalt forskningsfond (RFF) Midt-Norge og Innovasjon Norge.
 
Kontaktperson/prosjektleiar: Grethe Mattland Olsen. Prosjektmedarbeidarar: Susanne Moen Ouff, Geirmund Dvergsdal (Møreforsking Volda) og Bjørn Tore Nystrand (Møreforsking Marin).