Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kulturpendling i Møre og Romsdal

Kulturpendling i Møre og Romsdal

Studien Kultur- og fritidstilbod for alle – om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal er ei kartlegging av bruken av ulike kultur- og fritidstilbod blant vaksne i Møre og Romsdal. Ein del merkesteinar blir trekte fram, men målet har først og fremst vore å fange mykje av den breidda av aktivitet som skjer i fylket i løpet av eit år.

 
Det er mange i Møre og Romsdal som gjer seg nytte av ulike kultur- og fritidstilbod i eige fylke. Sjølv om dei lokale tilboda er viktige, er mange villige til å reise litt om det er ein konsert, ein festival eller eit skianlegg som kan by på ei oppleving som er verdt ein ekstra tur. Eit overslag peikar i retning av at rundt rekna 40 prosent av respondentane ”pendlar” til andre kommunar for å bruke kulturtilbod eller for å bruke anlegg tilrettelagde for ulike former fritidsaktivitet (turstiar, skianlegg, badeanlegg og liknande) ein gong i månaden i gjennomsnitt.
 
Det er i første rekkje dei største byane som fungerer som trekkplaster på befolkninga i andre kommunar, sjølv om enkelte tilbod også dreg publikum andre vegen. Blant byane skil Molde seg ut, ved å ha ein sterk posisjon i forhold til eige fogderi. Romsdal utgjer såleis i større grad enn dei andre fogderia det vi kan kalle ein integrert kultur- og fritidsregion.
 
To merkesteinar skil seg ut blant tilboda i Møre og Romsdal; Molde Internasjonale Jazzfestival og Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium. Det er mange som har besøkt desse og dei trekkjer publikum frå heile fylket.
 
I samsvar med funn frå mange andre undersøkingar, gjer høgskule- eller universitetsutdanna i Møre og Romsdal  seg jamt over i klart større grad enn andre bruk av dei kultur- og fritidstilboda som finst. Likeins er kvinner større forbrukarar av tilboda enn menn. Dette er interessant i forhold til rekruttering av strategiske grupper til fylket.  Både private og offentlege bedrifter i Møre og Romsdal har aukande behov for å rekruttere høgare utdanna arbeidskraft, samtidig som fylket også har klare utfordringar med tanke på likestilling. I ein slik samanheng vil kultur- og fritidstilbodet vere ein faktor som kan spele ei viktig rolle for utviklinga i fylket.
 
Oppdragsgjevar for studien er Møre og Romsdal fylkeskommune. Les meir om studien Kultur- og fritidstilbod for alle - om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal her.
 
Nærare informasjon om studien ved prosjektleiar Finn Ove Båtevik, Møreforsking.