Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kven klarar å spare mest?

Kven klarar å spare mest?

Ein uhøgtidleg konkurranse i fem veker mellom 6. klassane på Søre Sunnmøre og i Hornindal om kven som klarar å spare mest energi og har dei beste tipsa til korleis bli betre på Enøk.

 
Konkurransen er ein del av arbeidet med å skape positive haldningar til energiøkonomisering og i klimaspørsmål. Den inngår som ein del av dei tiltaka kommunane har sett i verk i oppfølging av dei kommunale klimaplanane alle kommunane utarbeidde i 2009.
 
Du kan lese meir om bakgrunnen for konkurransen her.
 

Måndag 24. april 2012 starta konkurransen ”Kven kan spare mest?” Starten på konkurransen vart markert på Øyra Skule i Volda. Her fekk klasse 6A besøk av Geirmund Dvergsdal frå Møreforsking Volda og Harald Jarnes Lillebø frå Energiråd. Sunnmørsposten var også med på markeringa, og du kan lese artikkelen her (PDF).

 
Andre presseoppslag:
 
Vikebladet, 1. juni 2012:
 
 
Vikebladet, 14. juni 2012:
 
 
Vikebladet, 15. juni 2012:
 
 
 
Nærare informasjon om prosjektet Klimakutt Møre ved Susanne Moen Ouff og Geirmund Dvergsdal, Møreforsking Volda.