Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Mediefagleg utdanning gjev arbeid!

Utdanning -iStock_000005341503Medium[1].jpg

Mediefagleg utdanning gjev arbeid!

Mediefagleg utdanning frå Høgskulen i Volda styrkar mulegheitene for relevant arbeid og blir opplevd som nyttig i arbeidsforholda.


Ei undersøking blandt mediefaglege kandidatar frå Høgskulen i Volda, uteksaminerte i perioden 2007-2012 gjev viktig kunnskap om denne utdanninga.
 
Høgskulen i Volda tilbyr mediefaglege bachelorutdanningar innanfor 4 områder: Journalistikk, Animasjon, Media, IKT og design, og PR, kommunikasjon og media.
  
Langt dei fleste kandidatane er i arbeid og eit solid fleirtal innanfor alle utdanningane er i arbeid som er relevant for sine mediefaglege utdanningar.
 
Felles for kandidatane er ei vurderding av at utdanninga ved Høgskulen i Volda har vore avgjerande for at dei skulle få den jobben dei har i dag. Utdanninga blir vurdert som gjennomgåande relevant for arbeidet.
 
Bachelorkandidatane i Journalistikk og PR, kommunikasjon og media vurderar også hovudpraksis under utdanning som nyttig og relevant for dagens arbeidsforhold.

263 kandidatar har svart på undersøkinga, og Høgskulen i Volda har vore oppdragsgjevar for prosjektet.
 
 
Last ned rapporten: