Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Medieinteresse for Merkur-evalueringa

Medieinteresse for Merkur-evalueringa

Utkantbutikkane betyr mykje for bygdefolket og Merkur-programmet utløyser større effektar enn kva som kan målast i reine pengar.

Møreforsking set utkantbutikkane på agendaen med si evaluering av Merkur-programmet.
 
Merkur-programmet er Kommunal og næringsdepartementet si satsing på daglegvarebutikkar i distrikta. Evalueringa syner at satsinga er vellukka.
 
Les meir om evalueringa HER.
 
Nationen (02.06.14) slår fast at Merkur-ordninga er nødvendig og viktig for distriktbutikkane, "Merkur held liv i bygdene" og "Distriktsbutikkane dreg nytte av Merkur". 
 
Sunnmørsposten (03.06.14)  trekkjer fram Urke Landhandel som døme på ein Merkur-butikk på Sunnmøre: Urke Landhandel har ei rekkje av tilleggstenestene som Merkur-programmet legg opp til, bensin, tipping post og medisinutsal. Urke Landhandel blir omtalt som eit "mikrokjøpesenter" i artikkelen, som du kan lese HER ogHER.