Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforskarar i internasjonalt bokprosjekt

Møreforskarar i internasjonalt bokprosjekt

Forskarar frå 11 land deltek i bokprosjektet ”New modes of governance in environmental and natural resource policy. Analytical perspectives and empirical insights.”

 
Boka skal etter planen vere klar i mars neste år. Susanne Moen Ouff og Else Ragni Yttredal byggjer i sitt bidrag på EU prosjektet GoFOR (New modes of governance for sustainable forestry in Europe). Tema for deira bidrag er meta-governance eller styring av governanceprosessar.
 
Forskarar frå alle dei 11 deltakarlanda var med på ”the 15th International Symposium on Society and Resource Management” ISSRM i Wien i byrjinga av juli der dei ulike bidraga vart presenterte. Det vart i denne samanheng også arrangert eit arbeidsmøte for forfattarane.
 
Michael Pregernig(t.v.) er ein av initiativtakarane til det internasjonale bokprosjektet.