Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking set dagsorden: Er Nordfjord ein vinnarregion?

Finn.jpg

Møreforsking set dagsorden: Er Nordfjord ein vinnarregion?

I kveld møtest folk frå heile Nordfjord til stor valdebatt på Nordfjordeid. Toppkandidatane til stortingsvalet skal diskutere spørsmålet "Nordfjord - Ein vinnarregion for framtida?" Forskar Finn Ove Båtevik innleiar til debatten.


I juli publiserte Møreforsking rapporten "Utviklingstrekk i Nordfjord". Rapporten er ei samfunnsanalyse, som peikar på utviklingstrekk og utfordringar for regionen i framtida.
 
I kveld innleiar seniorforskar Finn Ove Båtevik til valdebatt på Nordfjordeid, med å presentere funn frå rapporten. Med det set han dagsorden for politikarane som deltek. Alle stortingspartia stiller med sine toppkandidatar i Sogn og fjordane:
  • Vibeke Johnsen, 1. kandidat til Stortinget SV
  • Tor Bremer, 2. kandidat Ap
  • Sigurd Reksnes, 3. kandidat Sp
  • Trude Brosvik, 1. kandidat Krf
  • Sveinung Rotevatn, 1. kandidat Venstre
  • Bjørn Lødemel, 1. kandidat Høgre
  • Frank Willy Djuvik, 1. kandidat Frp
 
Les meir om rapporten: Utviklingstrekk i Nordfjord
 
Les kronikk i Sunnmørsposten: Nordfjord ein "vinnarregion"
 
Møt opp på Operahuset, Nordfjordeid, i kveld kl 19:00: Valmøte Operahuset