Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking startar stort prosjekt om arbeidsinnvandring til Vestlan...

Møreforsking startar stort prosjekt om arbeidsinnvandring til Vestlandet

Møreforsking og fem andre institusjonar startar no eit prosjekt som skal gi grunnleggjande kunnskap om arbeidsinnvandring til Vestlandet.

 
Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Senter for Interkulturell Kommunikasjon, International Research Institute of Stavanger, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Møreforsking og Vestlandsforsking. Støtta til prosjektet blir gitt av Regionalt Forskningsfond Vestlandet og fylkeskommunane i regionen.
 
Medan eit vanleg fokus i innvandringsdebatten er at den norske velferdsstaten er attraktiv for innvandrarar, har dette prosjektet fokus på at innvandrarane også er attraktive innbyggjarar for oss. Vestlandsfylka er i landstoppen på arbeidsinnvandring, og det teiknar seg eit innvandringsmønster på Vestlandet som er fundamentalt forskjellig frå resten av landet.
 
Drivne av generelt sterke konjunkturar og en betydelig aktivitetsvekst i olje- og leverandørindustrien, har mange arbeidsinnvandrarar, særlig frå Polen og Baltikum, kome til landsdelen. Arbeidsinnvandrarane er sterkt representert innanfor industri, bygg og anlegg, men også andre næringar og sektorar har ein aukande tilstrømming av slik arbeidskraft. Mykje tyder på at dette potensielt kan representere varige endringar i sysselsettingsmønster og arbeidsliv på Vestlandet.
 
Det faglige fundamentet for samarbeidsprosjektet har eit ressursperspektiv på arbeidsinnvandring som sentral faktor for å sikre kompetanse og kapasitet i utviklinga av framtidas arbeids- og samfunnsliv på Vestlandet. Arbeidsinnvandrarar utgjer etter alt å døme ein nøkkelressurs for framtidig næringsutvikling, innovasjon og verdiskaping på Vestlandet.