Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking Volda i media

Møreforsking Volda i media

Rett før jul i 2008 avslutta Møreforsking Volda rapporten "To speke or not to speke". Oppdragsgjevarane var spekematprodusentane Tind spekevarer, Ole Ringdal as, Stranda Spekemat, Stranda kommune og Matfag ved Stranda vidaregåande skule.

 
Rett før jul 2008, avslutta Møreforsking Volda rapporten "To speke or not to speke". Oppdragsgjevarane var spekematprodusentane Tind spekevarer, Ole Ringdal as, Stranda Spekemat, Stranda kommune og Matfag ved Stranda vidaregåande skule.
 
Utgangspunktet for arbeidet var ei sviktande rekruttering som spekematprodusentane og Matfag ved Stranda vidaregåande skule opplever som problematisk. I studien gjekk vi inn i korleis ungdomsskuleelevar og elevar ved Matfag ved Stranda vidaregåande skule opplever studie- og arbeidsmuligheitene i produksjonsverksemdene i kommunen. I rapporten peikar vi mellom anna på utfordringar i marknadsføringa av Matfag, korleis arbeid i spekematverksemdene framstår og generelle trendar knytt til ungdom sine val av vidaregåande utdanning. Vi forsøker også å peike på mulige løysingar på desse utfordringane. Oppragsgjevarane har vist stor vilje til å ta resultata i undersøkinga på alvor, og er allereie i gang med tiltak for å betre situasjonen. Gjennom arbeidet har det og vore spennande å sjå svært ulike aktørar gå saman om å ta tak i felles utfordringar.
 
Etter at rapporten vart publisert, har både lokale, regionale og nasjonale media vist interesse for saka; både Sunnmøringen og Sunnmørsposten har hatt fyldige oppslag om arbeidet og resultata. Stiftelsen KSL Matmerk har også merka seg rapporten, og vil prøve å lage eit nasjonalt oppslag på arbeidet, ut frå si interesse i næringsmiddelproduksjon.