Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking Volda aktivt med i Klimaseminaret under Forskingsdagane ...

Møreforsking Volda aktivt med i Klimaseminaret under Forskingsdagane 2011.

I samarbeid med Høgskulen i Volda arrangerte Møreforsking Volda og Energiråd AS klimaseminar 26. september i samband med Forskingsdagane 2011. Fokuset denne dagen var på ENØK-tiltak i vid forstand. Møreforsking Volda si aktive deltaking i seminaret var knytt til arbeidet med prosjektet Klimakutt Møre - iverksetting av klimaplanar på Søre Sunnmøre.

 
Klimaseminaret vart gjennomført med støtte frå KOBE, kompetanse for bedre eiendomsforvaltning. Bakgrunnen for dette klimaseminaret, er fellesprosjektet ”Klimakutt Møre” som sju kommunar samarbeider om (Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Ørsta, Volda og Hornindal). Prosjektet er finansiert av ENOVA og har som hovudmål å redusere det årlege energiforbruket med 15 % innan to år. I forkant av dette gjennomførte same kommunane eit fellesprosjekt, der det vart utarbeidd klimaplan for kvar av kommunane.
 
Les meir om Klimaseminaret, prosjektet "Klimakutt Møre" og Forskingsdagane 2011her.