Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny Møreforskar

Ny Møreforskar

Marte Fanneløb Giskeødegård tek til som forskar hos Møreforsking i dag. Marte har master og PhD i Sosialantropologi frå NTNU, spesialisert på organisasjon og arbeidsliv.


 

Marte har skrive PhD-avhandlinga: "Connecting the Dots: An Ethnographic Study of Interaction and Community building in a transnational organization.” I avhandlinga fokuserar ho på globalisering av arbeidslivet, og ser særleg på samarbeid internt i selskap som opererar transnasjonalt.
 
Viktige tema for Marte har vore samarbeid mediert av teknologi, standardisering, betydninga av globale arbeidsprosessar og korleis organisasjonar tilpassar seg det å jobbe  i eit miljø som inneber ulike nasjonale og kulturelle kontekstar. Sistnemde også i forhold til tilsette sine arbeidsbetingelsar.
 
Hos Møreforsking kjem Marte til å starte med utviklingsprosjekt, som mellom anna omhandlar internasjonale nettverk.
 
Marte skal i starten pendle mellom Trondheim, Volda og Ålesund. I løpet av våren vil Marte og familien vere på plass i Ålesund. Ho kjem då til å ha kontorplass i Ålesund, med regelmessige dagar i Volda.
 
Vi gler oss over å ha fått Marte som ny Møreforskar!
 
Oppdatering 27.01.2014:
Les Sunnmørsposten si omtale av Marte si doktoravhandling.