Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: EVALUERING AV «KARRIERE SOGN OG FJORDANE»

Ledelse - iStock_000004854877XSmall[1].jpg

Ny rapport: EVALUERING AV «KARRIERE SOGN OG FJORDANE»

Karriere Sogn og Fjordane tilbyr gratis karriererettleiing for personar som ønskjer å skifte jobb eller ta utdanning. I tillegg avgjer dei og følgjer opp rett til vidaregåande opplæring for vaksne, gjev realkompetansevurdering og rettleiing i tilknyting til fagbrev for vaksne. Dei skal også koordinere kompetansehevingstiltak og vere ein ressursbank for rådgjevartenesta i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Rapporten presenterer ei kartlegging av kva kjennskap og erfaringar ulike brukarar, partnarar og samarbeidspartar har med Partnarskap for karriererettleiing Sogn og Fjordane. Undersøkinga viser at karrieresentra er lite kjente. Ei av årsakene er at Karrieresenteret prøver å vere fleire ting på ein gong, og at senteret ikkje har nok ressursar til å imøtekomme etterspurnaden frå ulike partnarar, samarbeidspartar og andre målgrupper. Vi meiner Karriere Sogn og Fjordane treng ei klarare avgrensing av kva som skal vere deira primære oppgåver og målgrupper. 

Du kan lese mer her