Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny Rapport: Byregionen Volda- Ørsta, utfordingar og moglegheiter for ...

attraktivitet.jpg

Ny Rapport: Byregionen Volda- Ørsta, utfordingar og moglegheiter for regional utvikling og attraktivitet

Kommunane Volda og Ørsta vurderer å gå saman om å danne den fjerde byen i Møre og Romsdal. Denne rapporten handlar om kva moglegheiter og utfordringar ei slik satsing kan føre med seg for byområdet Volda-Ørsta på den eine sida, og for forholdet mellom Volda-Ørsta og nabokommunane på den andre.

På bakgrunn av intervju med kommunalt tilsette i 11 kommunar i Volda-Ørstaregionen, meiner vi at kommunane i indre del av regionen står fram som positive til samhandling for ei slik utvikling, medan dei i ytre er meir skeptiske. Vi peiker vidare på at Volda-Ørsta ligg i ein region som opplev seg sjølv som polysentrisk, og at eit utfordringsområde kan vere å finne felles strategiar for å behalde og styrke det som blir sett på som eit gode ved regionen; nemlig at dei ulike sentraa er ulike og dels har komplementære funksjonar, tilbod og image. Ei einsidig satsing på å styrke Volda-Ørsta vil kunne oppfattast som ein strategi for å lage «Ålesund-light». Til slutt peiker vi på at Volda-Ørsta bør sjå sin posisjon ikkje berre i forhold til Søre Sunnmøre, men også i forhold til Ålesundsregionen og til resten av omverda.

Rapport Byregionen Volda - Ørsta