Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Dei nye hendene - Offentlig sektor sitt møte med arbeidsi...

Ny rapport: Dei nye hendene - Offentlig sektor sitt møte med arbeidsinnvandrere

Rapporten Dei nye hendene – Offentlig sektor i møte med arbeidsinnvandrere ser på korleis offentleg sektor, og då særleg kommunane handterer den store mengda nye menneske som har kome til Nord-Vestlandet i løpet av dei siste åra.

 
Kommunane har i dag eit avgrensa lovregulert ansvar for arbeidsinnvandrarar. Rapporten viser at det er store variasjonar i kva grad kommunane arbeider med tanke på område som informasjon, rekruttering, kvalifisering og integrering av arbeidsinnvandrarar. Mange har kome kort i dette arbeidet med å legge til rette for å kunne ha full nytte av den ressursen arbeidsinnvandrarar kan representere. Nokre kommunar har derimot kome lengre, ikkje minst relativt små kommunar med stort behov for rekruttering av arbeidskraft og nye innbyggjarar.  
 
Oppdragsgjevar for prosjektet har vore Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Vestlandet.
 
Rapporten kan du laste den her.
 
Kronikken "De nye hendene" som vart publisert i Sunnmørsposten 21. november 2011, kan du laste ned her.
 
Kronikken "Innvandrere som ny ressurs i offentleg sektor" som vart publisert i Sunnmørsposten 18. august 2012 (papir), kan du laste ned her.
 
Nærare informasjon om prosjektet ved forskar Marte Hanche-Olsen, Møreforsking Volda.