Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Eit spørsmål om verdiar, tillit og fleksibilitet. Samordn...

14310601049_f1bfa0c38f_o.jpg

Ny rapport: Eit spørsmål om verdiar, tillit og fleksibilitet. Samordning av bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding.

Prosjektet «Betre samordning av bustadsosiale tenester for personar med psykiske lidingar og rusproblem» har hatt som hovudmål å skape eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til betre bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding. Samordning har vist seg å vere ein flaskehals i dette arbeidet.

I rapporten er det identifisert faktorar i kommunane sitt bustadsosiale arbeid som hindrar og fremjar samordning.
 
God samordning synest å vere som å legge eit puslespel som startar med enkeltmenneska. I botnen ligg utvikling av felles verdigrunnlag, haldningar og prinsipp for det bustadsosiale arbeidet. Grunnlaget for samordning av bustadsosiale tenester vil vidare vere ein tilpassa bustad, fleksibilitet i hjelpetilbodet og stabilitet og tillit i menneskelege relasjonar.
 
Kompetanse, ressursar, ansvarsavklaring og samhandlingsarenaer er faktorar som fremjar og hindrar samordning av slike tenester i kommunen og mellom kommunen og andre instansar.
 
Funna er basert på litteraturstudium, spørjegransking til kommunane i Husbanken region Midt og djupneintervju.
 
Last ned rapporten HER
 
Kontakt Else Ragni Yttredal for fleire detaljar om prosjektet.