Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: «Inn på tunet» - kvalitet og skreddarsaum i kommunale ten...

Inn på tunet.jpg

Ny rapport: «Inn på tunet» - kvalitet og skreddarsaum i kommunale tenester

Kommunane treng tilpassa tenestetilbod. Behovet for «ut av boksen-tenking» aukar i takt med at fleire oppgåver skal løysast med færre ressursar. Inn på tunet kan vere ein del av løysinga.

 
 

Inn på tunet er eit felles omgrep for eit mangfald av tilbod knytt til gardsbruk. Tilboda er retta mot ulike brukargrupper innanfor helse, omsorg, rehabilitering/habilitering og oppvekst. Eldre og demente kan til dømes få oppleve eit miljø dei kjenner igjen, eller ungdom kan få praktisk erfaring som klasserommet ikkje kan tilby.

 

Møreforsking har gjennomført eit prosjekt med fokus på kommunar på Vestlandet sin kjennskap til, bruk og erfaringar med det alternative tilbodet Inn på tunet. Det er første gong det er gjort ei kartlegging av dette tilbodet frå eit kommunalt perspektiv.

 

Kommunane opplever at deira eigne standardiserte tilbod ikkje strekk til. Behovet for spesialiserte tenester aukar, samtidig som kommunane ikkje har høve til å produsere desse tenestene sjølve. Inn på tunet kjem her inn som eit alternativ.

 

Kartlegginga til Møreforsking viser at det er ein marknad for Inn på tunet. Dei kommunane som brukar tilbodet er jamt over godt nøgde fordi konseptet held god kvalitet og lett kan tilpassast individuelle behov. Likevel er kommunane tilbakehaldne med å velje dette tilbodet. Under halvparten av kommunane på Vestlandet brukar Inn på tunet i dag. Det er hovudsakleg store og middels store kommunar som ligg relativt sentralt som kjøper mest Inn på tunet- tenester. Typiske landbrukskommunar brukar ordninga i mindre grad.

 

Kommunane er krevjande kundar og vil helst ha tilbydarar av Inn på tunet som kan levere «komplette pakkar». Kommunane vil ha tilbydarar som har ein eigna gard, dei rette sosiale eigenskapane og den rette fagkompetansen. Dei «rette» Inn på tunet- tilbydarane vil såleis kunne få ein god fot innanfor offentleg tenesteproduksjon i framtida.   

 

Det viktigaste innovative elementet i Inn på tunet, ligg i at kommunane her kan tilby eit fleksibelt tilbod som kan tilpassast behova brukarane har.

 

Viktige faktorar for at Inn på tunet skal fungere er:

·        Forankring (politisk og administrativt)

·        Tilgang på eldsjeler

·        Dialog og god prosess mellom kjøpar og tilbydar i utvikling og drift

·        Totalkompetanse hos tilbydar

·        Utviklingsorientert fokus og organisering i kommunen