Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Rauma tiltrekk seg naturglade menneske

Ny rapport: Rauma tiltrekk seg naturglade menneske

Arbeidsmarknaden og sosiale tilhøve er dei to forholda som i størst grad fører til fråflytting, medan naturen, familierelasjonar og bustadtilhøve er dei viktigaste motiva for å busette seg i Rauma kommune.

 
Rapporten syner at visjonen til kommunen om å være «verdens beste kommune for naturglade menneske» slår an hos flyttarane. Visjonen er spesielt populær blant tilflyttarar som ikkje sjølv er oppvaksne i Rauma. Det er likevel få som flyttar på grunn av naturen åleine; dei fleste har arbeid som tilleggsmotiv. Blant potensielle tilbakeflyttarar er naturen det som nest etter familierelasjonar oftast blir nemnd som grunn til å flytte tilbake.
 
Møreforsking har på oppdrag frå Rauma kommune undersøkt til- og fråflytting i Rauma.
 
Rapporten kan lastast ned her
 
Resultata frå undersøkinga vart presentert på Raumakonferansen 2013 (19. september). Presentasjonen finn du HER.