Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Regional attraktivitet – kartlegging av brukarerfaringar

Ny rapport: Regional attraktivitet – kartlegging av brukarerfaringar

Seks kommunar på Sunnmøre slår seg saman for å gjere regionen meir attraktiv å bu og jobbe i. Tilflyttarar i desse kommunane som Møreforsking har snakka med, seier at enklare tilgang til naturen, fleire sosiale møteplassar og at dei blir tekne godt imot er tiltak det bør satsast på.



Små lokale ungdomskull og mange unge som søker seg ut av regionen, fører til at det blir vanskeleg for bedrifter på Sunnmøre å rekruttere nok arbeidskraft regionalt. Næringslivet på Sunnmøre er i vekst, og er difor avhengig av arbeidskraft utanfrå.
 
Kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Giske, Haram og Sula skal samarbeide for å finne ut kva som kan gjere regionen attraktiv å kome til og bli verande i. Møreforsking har samla erfaringar frå ei gruppe tilflyttarar til regionen og finn ein del fellestrekk. I rapporten Regional attraktivitet – kartlegging av brukarerfaringar trekker dei fram nokre tiltak som det vil vere mogleg å gjennomføre.
 
1. Enklare tilgang til naturen. Stiar for gåing og sykling, betre informasjon, kart kan bidra til dette.
 
2. Vis tilflyttarar at dei er verdsett. Multikulturelle møteplassar og «velkomstpakkar» er nokre tiltak som kan gjere at nye innbyggjarar opplever at dei er ynskte.
 
3. Vakrare sentrum og sosiale møteplassar. Mange ynskjer å ha tilgang til det urbane livet. Ålesund spelar ei viktig rolle her, men også attraktive møteplassar i regionale sentrum er viktig.
 
4. Betre kollektivtilbod. Kvardagen til bebuarar i regionen vert enklare og regionen vert betre integrert om transport er meir tilgjengelig.
 
5. Språkopplæring på nynorsk. I dag er opplæringa på bokmål sjølv om kommunane brukar nynorsk. Dette gjer mellom anna at foreldre kan få problem med å fylgje opp borna på skulen.