Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunns...

Ny rapport: Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet

Møreforsking Volda - i samarbeid med ideas2evidence - har nyleg gjennomført ei utgreiing av dei regionale aktørane på Vestlandet sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Oppdragsgjevar har vore Distriktssenteret.

Oppdraget har vore ein kunnskapsstudie og kartlegging der Distriktssenteret har hatt ynskje om å samanstille og samanlikne kunnskap om korleis det på regionalt nivå blir arbeidd med bygde- og lokalsamfunnsutvikling.
 
Prosjektet har vore avgrensa til det arbeidet som vert drive hjå fylkeskommunar og fylkesmenn i dei fire fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
 
Rapporten frå prosjektet vart presentert av forskar Geirmund Dvergsdal  på konferansen Vestlandsk Vidsyn på Voss 26. og 27. oktober 2011.
 
Les meir om konferansen Vestlandsk Vidsyn på Distriktssenteret.no
 
Rapporten kan du laste ned her.
 
Nærare informasjon om dette prosjektet ved Geirmund Dvergsdal , Møreforsking Volda.