Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Utviklingstrekk i Nordfjord

Ny rapport: Utviklingstrekk i Nordfjord

Møreforsking har gjort ei samfunnsanalyse for Nordfjord, og peikar på opningar og utfordringar for framtida.

 
Rapporten er ein samfunnsanalyse for Nordfjord. Analysen gjeld utviklingstrekk knytt til befolkning, sysselsetting og rekruttering av arbeidskraft, arbeidsreiser, innvandring, nyskaping og utviklinga av fritidsmarknaden.
 
Rapporten peikar på at rekruttering er ei særleg stor utfordring. Eit variert butilbod, nettverk og møteplassar er også viktige faktorar som blir trekte fram. Unge Nordfjordingar gjer som andre unge i landet, dei søkjer til byane i samband med utdanning. Langt frå alle kjem tilbake til regionen. Det må difor settast inn tiltak for rekruttering også av andre tilflyttarar enn dei med regional tilhøyrigheit.
 
Næringslivet dreiar mot å bli meir kunnskapsinntensivt, og krava til formalkompetanse aukar. Nordfjord-kysten byr på særleg stort potensiale for vidare utvikling. Ein meir målretta innsats for å bygge Nordfjord som merkevare kan vere med å skape mange mulegheiter.
 
I tillegg til ein systematisk analyse av sentrale utviklingstrekk for regionen, har også sentrale aktørar frå regionen fått kome til orde med sine vurderingar rundt utviklinga av Nordfjord som region. Dette gjeld både etablerte aktørar og unge menneske som satsar på ei framtid i Nordfjord.
 
Oppdragsgjevar for prosjektet er Nordfjordrådet, og kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje inngår i analysen. Regionane Indre Sunnfjord og Indre Nordmøre er brukt som referanseregionar, for å sjå Nordfjord i ein breiare kontekst.
 
Målet er at arbeidet skal legge grunnlaget for å utarbeide strategiar og tiltak for vidare utvikling av Nordfjord-regionen.
 
Last ned rapporten Utviklingstrekk i Nordfjord
 
Les kronikk i Sunnmørsposten: Nordfjord ein "vinnarregion".