Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Utviklingstrekk på Indre Nordmøre

Indre Nordmøre

Ny rapport: Utviklingstrekk på Indre Nordmøre

Samarbeid, infrastruktur og vilje til nyskaping er viktige faktorar for at Indre Nordmøre skal utvikle seg og stoppe fråflyttinga.

 
I 2004 utarbeidde Møreforsking rapporten «Dei fragmenterte samfunna – analyse av utviklingstrekk og utfordringar på Indre Nordmøre». Den føreliggande rapporten byggjer på dette arbeidet. Målet har denne gongen vore å gjere ei analyse av sentrale trekk ved utviklinga på Indre Nordmøre og sjå denne i lys av utviklingstrekk i nærliggande regionar. 
 
Analysen skal danne utgangspunkt for vidare drøfting og arbeid blant utviklingsaktørar i regionen, så vel som andre aktørar som er involverte i utviklinga av regionen.
 
Oppdragsgivar har vore Indre Nordmøre Næringsnettverk, sett saman av kommunane Rindal,
Surnadal, Halsa, Sunndal og Tingvoll.
 
Samfunnsanalysen er utført med tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
 
Rapporten kan du laste ned her.
 
Presseoppslag knytt til prosjektet Utviklingstrekk på Indre Nordmøre:
 
Driva, 22. august 2012:
 
 
Nærare informasjon om prosjektet ved seniorforskar Finn Ove Båtevik, Møreforsking Volda.