Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny region i emning – frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kvive

Ny region i emning – frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven

 
Den undersjøiske Eiksund-tunellen gav i 2008 fastlandssamband for kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein og la såleis  grunnlag for ei tettare kopling mellom desse kommunane og kommunane Ørsta og Volda på fastlandet. Eiksund-sambandet har endra samhandlingsmønstret i området, og fleire teikn tyder på at regionen er knytt langt tettare saman og har fått eit større grunnlag for vekst og utvikling. Nye opningar, både med tanke på val av arbeidsstad, men også  med tanke på eit breiare tilbod på fleire område, har gjort regionen meir attraktiv både for folk og verksemder.
 
I 2012 kjem ei ny regionutviding, noko som vil gjere at kommunane Stryn og Hornindal blir tettare knytte opp til kommunane i Eiksund-regionen. Befolkninga i Stryn og Hornindal ser på dette sambandet først og fremst som betra tilgang til eit større handelsområde og ein større arbeidsmarknad. Frå sunnmørskommunane er forventingane meir knytt til fritidsmarknaden, noko som alt har materialisert i stor investeringslyst på hyttemarknaden i Stryn. For sunnmøringane vil vegen også vere viktig med tanke på at den gir kortare reisetid vidare mot Austlandet.
 
Nærare informasjon om den nye regionen som er i emning ved Finn Ove Båtevik, Møreforsking.
 
Notatet Ny region i emning - frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven kan du laste ned her.
Sjå og notatet Eiksund - konturene av en ny region som du kan laste ned her.