Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda

Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda

Møreforsking Volda har fått nye medarbeidarar. Margrethe Eikrem Aarset, Anne Natvig og Gro Marit Grimsrud har i haust byrja som forskarar ved Møreforsking Volda.

 
Margrethe Eikrem Aarset er allmennlærar med mastergrad i spesialpedagogikk frå Høgskulen i Volda (2004). I masteroppgåva si ser ho på korleis ulike administrative og politiske aktørar tenkjer rundt tilpassa opplæring innanfor ein kommune på Vestlandet.  
 
Eikrem Aarset har brei erfaring frå skuleverket. Ho har tidlegare mellom anna vore lærar og rektor i grunnskulen, og ho har erfaring frå vidaregåande skule og vaksenopplæring. Ho har også vore øvingslærar og arbeidd med lærarstudentar i praksisfeltet. I tillegg har ho arbeidd som pedagogisk/psykologisk rådgjevar ved PPT.
 
Sentrale arbeidsfelt er forsking med problemstillingar knytt til utdanning og tilrettelegging av tilbod for utsette grupper.
 
Anne Natvig er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda (2009) og har ei mastergrad i Peace and Conflict Transformation frå Universitetet i Tromsø (2012). I masteroppgåva skriv ho om nasjonale identitetar og migrasjon i Mellom-Amerika.  
 
Tidlegare har Natvig jobba som journalist i NRK og har erfaring frå fleire organisasjonar som til dømes Vinjerock, Tromsø Internasjonale Film Festival og Redd Barna.
 
Fleire studieopphald i Nord-Amerika, Latinamerika, Spania og Russland har gjort språk, migrasjon, gruppeformasjon og identitet til sentrale interesseområde innanfor forsking.
 
Gro Marit Grimsrud er utdanna samfunnsgeograf frå Universitetet i Bergen. Gro har meir enn 20 års erfaring frå forskings- og utgreiingsarbeid innan ulike samfunnsfaglege tema, m.a. flytting, befolknings- og næringsutvikling, stadsutvikling og evalueringar av offentlege virkemiddel og tenester.
 
Metodisk jobbar Gro både kvantitativt og kvalitativt, og har også erfaring frå registerbasert forsking.
 
Gro har tidlegare m.a. vore tilsett som universitetsstipendiat ved Universitetet i Bergen, forskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), forskar II ved Østlandsforskning og høgskulelektor ved Høgskolen i Lillehammer.