Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda

Nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda

Møreforsking Volda har fått nye medarbeidarar. Geirmund Dvergsdal og Erlend Krumsvik har i oktober byrja som forskarar ved Møreforsking Volda.

 
Geirmund Dvergsdal er master i Samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. Masteren byggjer på ein bachelorgrad samansett av fagområda økonomi og ressursforvalting, regional planlegging og offentleg organisering og leiing frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda. Han har tidlegare arbeidd med prosjektleiing og nærings- og lokalsamfunnsutvikling hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Sentrale arbeidsfelt er innan velferd og regional utvikling, særleg problemstillingar knytt til regionalt og lokalt utviklingsarbeid.
 
Erlend Krumsvik er master i Internasjonal markedsføring og strategi frå Handelshøyskolen BI. Han har tidlegare vore høgskuleforelesar i Forbrukeratferd ved Handelshøyskolen BI, og har vore Fagleder i Respons Analyse i fleire år. Han har brei erfaring med kvantitative opinionsundersøkingar og prosjekt knytt til nærings- og forretningsutvikling. Han har hatt fleire formelle verv/styreverv innan både offentleg og privat verksemd.
Ved Møreforsking Volda arbeider han med forskingsprosjekt innan Velferd og Regional utvikling.