Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Olav Fure tek til som dagleg leiar ved Møreforsking Volda AS

OlavFure (2).jpg

Olav Fure tek til som dagleg leiar ved Møreforsking Volda AS

Olav Fure ser fram til å slutte som vekependlar når han tek til i ny jobb som dagleg leiar ved Møreforsking Volda, og skal arbeide i bygda han bur i.

Tilbake på heimebane

Fure er i dag tilsett som kommunalsjef for oppvekst i Gloppen kommune, men frå 1. mars 2016 vert han dagleg leiar for Møreforsking Volda. Då vil han også vere 100 prosent til stades i Volda.

Eg har vekependla i sju og eit halvt år no og budd på hybel på Sandane. Det skal bli godt å kunne å gå til jobb og ete middag med kona i vekedagane igjen. Eg trives godt i jobben i Gloppen kommune, men det skal bli kjekt å både bu og arbeide i Volda, seier Fure.

Med dialog som verktøy

Han vaks opp på Stad, men tok lærarutdanning i Volda og har budd der sidan 1993. I skuleverket har Fure brei erfaring og har vore både rådgjevar og undervisningsinspektør utan om fleire lærarroller i både grunnskulen, yrkesskulen og på folkehøgskule. Men for drygt ti år sidan ville Fure prøve noko nytt og tok mastergrad i samfunnsplanlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Det førte han til stillinga som kommunalsjef i Gloppen, men no er tida for å freiste lykka ein ny stad igjen inne.

Fure er audmjuk og forventningsfull til det arbeidet han skal til med i Møreforsking.

Eg har ein solid bakgrunn innan leiing, men ingen forskarbakgrunn. Tradisjonelt sett veit eg at det har vore flink folk i Møreforsking. Min jobb blir å gå i dialog med dei tilsette, prøve å forstå problemstillingane dei står overfor og gi dei støtte. Eg kjem sikkert til å stille ein del rare spørsmål i starten, men saman med forskarane skal vi finne gode løysingar, spår Fure.

Utvide nettverk

No tek han fritida i bruk til å sette seg inn i sin nye arbeidsplass og bli betre kjent med den.

Møreforsking Volda er eit forholdsvis lite miljø. Ansvaret mitt er å få økonomi, koordinering og ei form for leiing på plass. Vi skal ta godt vare på dei tilsette som er der, og gjere det så kjekt at fleire ønskjer å komme dit for å arbeide.

Fure ser for seg eit godt samspel med Høgskulen i Volda, som er ein av eigarane av Møreforsking. Han er klar til å byggje seg nettverk som er relevant for forskingsinstitusjonen han skal leie.

Frå før har eg mest nettverk innanfor grunnskuleutdanning og litt innan samfunnsplanlegging. Eg ser fram til å bli kjent med folk frå andre sektorar og miljø.