Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Samarbeider om forsking kring innovasjon

Vestlandssamarbeidlite

Samarbeider om forsking kring innovasjon

Dei fire vestlandsfylka, ved forskingsinstitutta Vestlandsforsking, SNF, IRIS og Møreforsking, har foreina krefter i eit nytt forskingsprosjekt støtta av Forskingsrådet. Prosjektet ser nærare på spørsmålet: Er det mogleg å styre innovasjon?

 
Forskingsrådet sitt Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI) forsøker nettopp dette. Tanken bak virkemiddelet er at betre koplingar mellom næring og FoU-miljø i regionane vil føre til auka innovasjonstakt. VRI er derfor innretta for å skape slike koplingar. Forskingsprosjektet vil sjå nærare på korleis dette fungerer i praksis og i kva grad og på kva måte det kan tenkast å føre til innovasjon.
 
Samarbeidet starta i fjor vår, då representantar frå forskingsinstitutta møttest i Bergen for å finne fellesnemnarar knytt til deira forskingsprosjekt i VRI. Det viste seg at det var mogleg å få fram samanliknbare data mellom fylka og prosjektet vart i februar løyvt midlar frå Forskingsrådet.  Forskarprosjektet har som målsetjing å bidra til å vidareutvikle VRI – programmet og norsk innovasjonspolitikk i tillegg til å bidra til internasjonal forsking kring innovasjonssystemtenking. Prosjektet skal vere ferdig tidleg neste år.
 
 
Forskarar involverte i vestlandssamarbeidet møttest i Bergen 24. mars. Frå venstre: Martin Byrkjeland (IRIS), Stig-Erik Jakobsen (SNF), Ragnhild Wiik (IRIS), Ingjerd Skogseid (Vestlandsforsking), Inger Beate Pettersen (SNF), Finn Ove Båtevik (Møreforsking), Else Ragni Yttredal (Møreforsking)