Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Sårbare menneske - frå ungdomstid til vaksenliv

Forskargruppa 11.6.13.jpg

Sårbare menneske - frå ungdomstid til vaksenliv

I over 15 år har ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda og Møreforsking arbeida med eit unikt longitudinelt forskingsprosjekt.


Prosjetet har følgd mange hundre elevar frå 6 ulike fylker som tok til i vidaregåande opplæring på særvilkår midt på 90-talet. I denne tida har det vore gjort fleire rundar med datainnsamling, både store kvantitative datainnsamlingar og utvalde intervju.
 
Prosjektet føl sårbare menneske frå ungdomstid til vaksenliv, og kastar lys over overgangar og viktige livsarenaer for denne gruppa. Dette gjer prosjektet unikt også i internasjonal samanheng. Det er tidlegare publisert over 60 artiklar frå prosjektet. 
 
I Spesialpedagogikk 05/2013 får prosjektet brei merksemd, gjennom omtale og 6 artiklar levert av forskargruppa bak prosjektet. 
 
Seniorforskar hos Møreforsking, Finn Ove Båtevik har delteke i forskargruppa gjennom mange år, og har medverka til artikkelen "Arbeid eller trygd?".
 
Forskargruppa består av: professor Rune Kvalsund (pedagog), professor Jon Olav Myklebust (sosiolog), seniorforskar Finn Ove Båtevik (samfunnsgeograf), professor Irene Velsvik Bele (spesialpedagog), forskar/stipendiat Silje Louise Dahl (sosiolog), førstelektor Vidar Myklebust (psykologspesialist), høgskolelektor Gerd Skjong (master i sosialt arbeid) og høgskolelektor Eli Fjeldseth Røys (statsviter). 
 
 
(Foto: Ann Karene Rasmussen)