Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Susanne Moen Ouff ny avdelingsleiar i Møreforsking Volda

susanne og gunnar.jpg

Susanne Moen Ouff ny avdelingsleiar i Møreforsking Volda

Frå 1. juli vil Moen Ouff overlappe med Gunnar Stave som går av med pensjon til hausten.

 
Susanne Moen Ouff (39) har jobba som forskar i Møreforsking Volda sidan 2006, og har difor lang erfaring i bedrifta. Hennar forskingsområder har dei siste åra vore sentrert rundt det bustadsosiale arbeidet i ulike norske kommunar.
 
- Eg gler meg veldig til å starte som avdelingsleiar, seier Moen Ouff.
 
Ho trur ikkje overgangen frå forskar til leiar kjem til å bli noko problem.
 
- Eg har flotte kollegaer som kjenner meg godt, så det skal gå heilt fint. I tillegg er eg del av ei leiargruppe saman med to erfarne forskarar hjå Møreforsking, så eg står ikkje heilt aleine, seier Moen Ouff.
 
Sjølv om ho blir sitjande på same kontor, ventar det nye og annleis utfordringar for den nye leiaren.
 
- Det er krevjande tider for oppdragsforskinga, svingingar i marknaden kan merkast godt for eit lite forskingsinstitutt som Møreforsking Volda. Det gjeld å vere frampå i jakta etter riktig kompetanse i forhold dei forskingsområda vi arbeider med, forklarar Moen Ouff.
 
Den nye leiaren ser fleire moglegheiter for å utvikle Møreforsking si avdeling i Volda.
 
- Eg ser fram til å vidareutvikle gode samarbeid med mellom anna Høgskulen i Volda og Møreforsking sine avdelingar i Ålesund og Molde, seier Moen Ouff.