Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

To nye prosjekt om regional utvikling

To nye prosjekt om regional utvikling

Møreforsking set i gong med eit prosjekt om bu- og flyttemotiv i Rauma og ei kartlegging av utviklingspotensialet til seks kommunar rundt Ålesund.



Det eine prosjektet skal sjå på moglege endringar i bu- og arbeidsmarknaden i Rauma som følgje av den planlagde brua over Tresfjorden.  Nedkorting av reisetida til Ålesund, Vestnes og Molde kan gjere Rauma betre integrert i ein ekspanderande arbeidsmarknad knytt til olje/gass og andre maritime næringar.
 
I ein slik situasjon er det rimeleg å etterspørje kunnskap om bustadpreferansar og flyttemotiv for i størst muleg grad å kunne auke attraktiviteten til Rauma overfor både gamle og potensielt nye innbyggjarar.
 

Det andre prosjektet skal kartlegge kva som kan gjere kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Giske, Haram og Sula til ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. Dei seks kommunane er tett vevde i hop som bu- og arbeidsområde i dag, og har eit samla folketal på om lag 75 000.
 
Kommunane har ulike ressursar og føresetnadar som avgjer utviklingspotensialet for regionen. Gjennom eit felles prosjekt ynskjer dei å finne fram til dei viktigaste faktorane for å gjere regionen attraktiv. Prosjektet vil også ha som mål og finne fram til område kommunane kan oppnå fordelar av å samarbeide og samhandle på.