Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ungdom og nynorsk

Ungdom og nynorsk

 
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. To av prosjekta som senteret har finansiert, er prosjektet Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre læring, som vert gjennomført ved Ulstein vidaregåande skule og prosjektet Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk, som vert gjennomført ved Volda ungdomsskule.  Møreforsking Volda skal  evaluere prosjekta. Først og fremst er det fokus på elevane sine erfaringar med prosjekta. Om prosjekta har medverka til å gjere elevane til betre og meir medvitne nynorskbrukarar, er eit sentralt spørsmål.  Evalueringa av prosjektet ved Volda ungdomsskule skal vere ferdig i juni 2010. Prosjektet ved Ulstein vidaregåande skule skal følgjast i prosjektperioden og sluttevaluerast våren 2011. Forskarane Randi Bergem og Finn Ove Båtevik skal gjennomføre evalueringane.