Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Vellukka avsluttande samling i klimaplanprosjektet

Viddeklimaplan

Vellukka avsluttande samling i klimaplanprosjektet

I vel eitt år har ni kommunar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord saman utvika lokale klimaplanar. 22. april vart det siste seminaret i prosjektet arrangert i Volda. Her retta vi fokus mot arbeidet kommunane no står overfor; å sette tiltaka frå planane ut i livet.

 
Klimaplanprosjektet har vore organisert som eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Sula, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Enøk-senteret, Tussa Kraft og Volda og Ørsta Reinhaldsverk har vore drivarar av arbeidet.
 
Eitt hovudtema på det avsluttande seminaret var korleis kommunen kan forankre klimaarbeidet best mogleg i kommuneorganisasjonen. Som innspel til dette heldt representantar frå Ålesund og Tingvoll kommunar innlegg om sitt klima- og miljøarbeid. Representantar frå KS og Møre og Romsdal fylke orienterte om klimaarbeidet som går føre seg i regionen.
 
Det andre hovudtemaet på seminaret var korleis kommunane kan samarbeide om klimatiltak framover. Utgangspunktet for diskusjonen var handlingsplanane som dei ni kommunane har utarbeidd i Klimaplanen. I denne delen av seminaret jobba dei interkommunale gruppene fram konkrete forslag til vidare samarbeid, med fastsetting av tidsrammer og ansvar.