Nyhetsarkiv

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Verdsarvstudium på reise

Verdsarvstudium på reise

I over to veker har studentar ved verdsarvstudiet ved Høgskulen i Volda vore på reise innover Storfjorden til Geiranger.

 
På denne tida har dei tolv studentane vitja fjordgardar frå Ytste Skotet og heilt inn til Geiranger. Dei har vitja husmannsplassen Severinbrauta i Eidsdal, paktarstova og Herdalssetra i Norddal. Denne veka vert samlinga avslutta med klasseromsundervisning i Volda.
 
Kurset utgjer ei halvårseining og kan nyttast i eit bachelor studium. Utviklinga av studiet er eit samarbeid mellom ulike avdelingar ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Helga Løvoll ved avdeling for kulturfag ved Høgskulen har koordinert arbeidet.