LOGRAN – Nye logistikkløysingar for skog- og trenæringa på Vestlandet

100_3614.jpg

LOGRAN – Nye logistikkløysingar for skog- og trenæringa på Vestlandet

Kva logistikkløysingar kan vere aktuelle for å kunne etablere ny og lønsam industri i Sogn og Fjordane med lokalt grantømmer som råvare?

Skogbruket på Vestlandet framstår som ganske ulikt skogbruket på Austlandet og i Trøndelag. Geografi og terreng er utfordrande, men samtidig er veksttilhøva på Vestlandet i verdstoppen for gran, det er ikkje uvanleg å finne hogstmogen granskog der det står 80 90 m³/da. Det er svakare tradisjon for skogbruk på Vestlandet enn på Austlandet og i Trøndelag, situasjonen med mange små skogeigedommar i privat eige er endå meir tydeleg på Vestlandet enn i resten av landet. Med dette følgjer ein situasjon der mange skogeigarar har liten interesse og lite kunnskap om eigen skog og skogsdrift. Det aller meste av skogen på Vestlandet er gran planta etter 1940, og store volum når hogstklasse 5 i løpet av dei neste tiåra.

I prosjektet har vi skissert ulike opplegg for hogst og inntransport basert på bruk av lekterar som mobil kai og lagringsplass for tømmer, og våre estimat indikerer ein transportkostnad frå kai til industrianlegg i Ytre Sogn på heilt ned til 70 kr pr. m³.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

2694
|

Prosjektansvarlig:

Johan Oppen
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

LOGRAN – Nye logistikkløysingar for skog- og trenæringa på Vestlandet

Oppdragsgiver:

Woodinwest

Prosjektdeltakere:

Johan Oppen