090811 Kronikk.jpg

"Dei nye hendene"

- Representerer familieinnvandring eit arbeidskraftspotensiale for helse- og omsorgssektoren?

Arbeidsinnvandring representerer både utfordringar og moglegheiter. Korleis offentleg sektor handterer ei stor innvandringsgruppe som arbeidsinnvandrarar, er kunnskap det er behov for i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Vestlandet, har Møreforsking Volda fått tilslag på forprosjektet ”Dei nye hendene” – Offentleg sektor sitt møte med arbeidsinnvandrarar.  Eit forprosjektet i Region Midt-Norge vil omfatte ei kartlegging av arbeidskraftspotensialet for helse- og omsorgssektoren knytt til den familieinnvandringa som følgjer av arbeidsinnvandringa. Gjennom å sjå dei to prosjekta i samanheng, vil ein i tillegg til å gjennomføre to fullverdige forprosjekt i dei to regionane, også ha to prosjekt der det vert mogeleg å gjere komperasjonar.
 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17136
|

Prosjektansvarlig:

Finn Ove Båtevik
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

"Dei nye hendene"

Oppdragsgiver:

Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Midt-Norge

Prosjektdeltakere:

, Grethe Mattland Olsen