Grøne menn.JPG

FoU-strategi for Vestnorsk Fjordlandskap

I perioden januar til oktober 2014, skal Møreforsking i tett samarbeid med Vestnorsk fjordlandskap utarbeide FoU-strategi for verdsarvområdet. Ei brei forankring og nettverksbygging er inkludert i arbeidet.

Vestnorsk fjordlandskap vart i 2005 innskrive på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland. Med dette er Fjordområda rekna for å vere mellom dei vakraste og mest verneverdige naturområda i verden.

Kunnskapsoppbygginga rundt verdsarvområda har til no ikkje stått i stil til statusen og det har mangla ein sameint plan for oppbygging av kunnskap. Verdsarvrådet vedtok derfor hausten 2013 å utarbeide ein FoU-strategi for området i tett samarbeid med Møreforsking.

Arbeidet er del av ei langsiktig kopling mellom Møreforsking og Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv. Dei to har inngått ein samarbeidsavtale med sikte på å utvikle forskingsnettverk og prosjekt,  kople forsking, utdanning og formidlingsarbeid knytt til verdsarvområdet og utvikle eit koordinerande kunnskapsmiljø i Geiranger. Møreforsking vart i januar også første partnar i partnarskapen «Eit reint meisterverk» under Grøn Fjord konferansen.  

Grøn Fjord prosjektet skaper ramme for og byggjer oppunder målsetjingane også i FoU-strategien og saman gir dei to prosessane ein unik sjanse for å skape eit nytt utgangspunkt for utvikling både i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland.
 
(Foto: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete L. Rønneberg) 

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

17184
|

Prosjektansvarlig:

Else Ragni Yttredal
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

FoU-strategi for Vestnorsk Fjordlandskap

Oppdragsgiver:

Vestnorsk Fjordlandskap, Møre og Romsdal fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Prosjektdeltakere:

Else Ragni Yttredal, Annelise Chapman, Marte Fanneløb Giskeødegård