Evaluering og forslag til vidare satsing på kongsnegl

Evaluering og forslag til vidare satsing på kongsnegl

Forfatter(e):

Snorre Bakke, Margareth Kjerstad

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

FHL/LUR programmet

Rapportnr:

Å0814

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

21

Nøkkelord:

Kongsnegl,  Buccinum undatum,  FoU,  Biologi ,  Fiskeri,  Foredling,  Marked 
Kongsnegl (Buccinum undatum) er utbreidd i kystnære område langs heile norskekysten. Dei siste åra har det i ulike geografiske regionar starta eit avgrensa fiske etter arten. Nokre bedrifter har etablert produksjon og omsetning av kongsnegl. Næringsutviklinga er i startfasa og lønsemda er framleis usikker. Ein har lite kunnskapar om biologiske nøkkelfaktorar og  føresetnadar for eit berekraftig fiske. Næringsaktørane har hatt investeringsbehov i utstyr og fabrikkar og prisane i marknaden har variert. Dette har ført til varierande lønsemd og stor usikkerheit hos næringsaktørane. Mange har av den grunn vore skeptiske til å fiske og omsette kongsnegl.
 
For at LUR programmet skal kunne satse målretta på FoU tiltak for å stimulere til å etablere ei lønsam kongsneglnæring, fekk Møreforsking oppdraget med å evaluere gjennomførte FoU prosjekt og på grunnlag av dette kome med tilrådingar til den vidare satsinga for kongsnegl.
 
Arbeidet har vist at ein først må få på plass ei nasjonalt standardisering av Mattilsynet sitt regelverk for kongsnegl.  Fiskarane sine økonomiske risikoar må reduserast gjennom organisering av eit fleirårig nasjonalt forsøksfiske. For å kunne utvikle eit berekraftig fiske må ein få meir biologisk kunnskap om kongsnegl. For å sikre at ein oppnår størst mogleg pris- og marknadspotensial bør ein gjennomføre kartleggingar i dei viktigaste marknadssegmenta.