Marknadsundersøking av isgalt hos restaurantar, grossistar og konsumentar på in...

Marknadsundersøking av isgalt hos restaurantar, grossistar og konsumentar på innlandsmarknaden

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal Fylkeskommune v/Nærings- og miljøavdelinga, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Torita K/S

Rapportnr:

Å9908

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

53

Nøkkelord:

Isgalt,  Bifangst ,  Dyphavsarter,  Marked,  Norge 
Prosjektet "Marknadsundersøking av isgalt hos restaurantar, grossistar og konsumentar på innanlandsmarknaden" er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Torita K/S ved Kjell Lorgen.
 
40 restaurantar fekk tilsendt fersk og frosen isgalt for uttesting. Gjennom uttestinga vart skilnaden mellom fersk og frosen vare  m.h.t. produkteigenskapar og pris kartlagt. Viktige produkteigenskapar er utsjånad, lukt, smak, konsistens og kvalitet. Produksjonsmessige eigenskapar som foredlingsgrad, vektsorteringar, emballasje og sesongmessige variasjonar i etterspørsel etter produktet vart og kartlagt.
 
Det vart og gjennomført konsumentundersøking under fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim og hos fiskebutikken Køltzow i Oslo. Produkteigenskapar og ønske om framtidig kjøp av isgalt vart kartlagt.
 

Det vart utarbeidd økonomiske kalkyler ut i frå dei data som kom fram i prosjektet, ei kalkyle for produksjon av isgalt ombord i ein linebåt og ei for produksjon av isgaltfilet hos ein grossist.