Marknadsutvikling for djuphavsartar - Tilknytta kommersielt garantifiske på Hat...

Marknadsutvikling for djuphavsartar - Tilknytta kommersielt garantifiske på Hatton Bank 2001

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

SND Nordvest, A&O Fish Export, Nils Sperre AS og Aalesundfisk A/S

Rapportnr:

Å0212

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

51

Nøkkelord:

Dyphavsarter,  Marked,  Hatton Bank 
For å utvikle kommersielt fiskeri etter djuphavsartar, stilte SND med garantiar til fiskefartøy til eit fiske på Hatton Bank. 4 fiskefartøy deltok i garantifiske. Prosjektet tar for seg omsetning av fangstane av "nye" djuphavsartar under garantifiske og marknadsarbeid med uttesting av produktprøver.
 
Linebåtane som deltok i garantifisket på første tur fiska totalt eit kvantum på 398 tonn, til ein verdi på vel 7,8 millioner kroner. Det vart totalt landa 3852 tonn (rund vekt) djuphavsartar frå Hatton bank og Rockall området i 2001 frå norske farty. Dette gir ein førstehandsverdi på 40 million kroner. I 2001 har ein hatt ei utvikling med kraftig auke i landingar og omsetting av "nye" djuphavsartar. Det har vorte landa 1965 tonn (rund vekt) av desse nye artane, til ein verdi på vel 10 million kroner.
 

Gjennom prosjektet har ein etablert omsetning av fleire djuphavsartar og produkt ein tidlegare ikkje har hatt omsetning av. Det har vore omsetning av haifilet, morafilet, kappa og sløgd brun havmus, hailever, haisporar og havmuslever, saman med ei regulær omsetning av eit større kvantum hairyggar.