Marknadsutvikling for djuphavsartar i samband med Hatton Bank toktet 1998

Marknadsutvikling for djuphavsartar i samband med Hatton Bank toktet 1998

Forfatter(e):

Kari Lisbeth Fjørtoft

Utgiver:

Møreforsking Marin

Oppdragsgiver:

Fiskeridirektoratet "Arbeidsgruppe for dyphavsfiske i Nord Atlanterhavet”

Rapportnr:

Å9909

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

45

Nøkkelord:

Dyphavsarter,  Marked,  Produksjon,  Hatton Bank 
Hovudmålsetjinga for prosjektet er å legge grunnlag for lønnsamt fiske etter lite utnytta djuphavsarter.
 
Under toktet med M/S Koralnes på Hatton Bank vart det i første periode produsert produktprøver av ulike djuphavsartar til bruk for uttesting av frosne produkt i ulike marknader. Fangsten frå siste del av toktet vart frakta til Frankrike og selt fersk gjennom auksjonen i Boulogne. Den ferske fangsten hadde god kvalitet, og oppnådde gode prisar i marknaden. Ferske djuphavsartar er foreløpig mest aktuelt å omsetje på den franske marknaden.
 
For frosne produkt viser resultata at det bør vere gode moglegheiter for å få eksportert fleire dyphavsarter til ulike marknader. Til Frankrike er det mest aktuelt med filetprodukt av kvitfisk-djuphavsartene. Til Spania kan ein eksportere frosne hairyggar frå ulike haiartar.
 
Arter som er interessante for kommersiell utnytting er: Djupvasshå, brunhå, gråhå, stor svarthå, islandshå, bunnhå, havmus, skolest, isgalt, dolkfisk, orange roughy, mora, skjellbrosme, blå antimora.