Eit spørsmål om verdiar, tillit og fleksibilitet. Samordning av bustadsosiale t...

Eit spørsmål om verdiar, tillit og fleksibilitet. Samordning av bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding.

Forfatter(e):

Else Ragni Yttredal, Gunnvor Bakke, Randi Bergem, Susanne Moen Ouff

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Husbanken region Midt-Norge

Rapportnr:

55/14
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-337-7

Publikasjonstype:

Forskningsrapport
|

Sidetall:

65

Nøkkelord:

Boligsosial,  Kommunal organisering 
Samordning har vist seg å vere ein flaskehals i det bustadsosiale arbeidet for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding. I rapporten er det identifisert faktorar i kommunane sitt bustadsosiale arbeid som hindrar og fremjar samordning. God samordning synest å vere som å legge eit puslespel som startar med enkeltmenneska. I botnen ligg utvikling av felles verdigrunnlag, haldningar og prinsipp for det bustadsosiale arbeidet. Grunnlaget for samordning av bustadsosiale tenester vil vidare vere ein tilpassa bustad, fleksibilitet i hjelpetilbodet og stabilitet og tillit i menneskelege relasjonar. Kompetanse, ressursar, ansvarsavklaring og samhandlingsarenaer er faktorar som fremjar og hindrar samordning av slike tenester i kommunen og mellom kommunen og andre instansar. Funna er basert på litteraturstudium, spørjegransking til kommunane i Husbanken region Midt og djupneintervju.